Anbefaling av pedagogisk programvare
Silje Karin Rustebakke og Johanne Varem Aardal Pedagogisk programvare er spesialprogram for opplæring som er laga som supplement til, eller erstatning for anna undervisningsmateriell. I dag finnes slike programmer laga til dei fleste læreverkane som brukas i norsk skule. Etter vår erfaring brukas desse programma mest i forbindelse med stasjonsundervisning, då dei færraste skuler har nok datamaskiner til at alle elevane kan bruke dei samtidig. Vi har valt å teste ut Gyldendals Multi som er laga på grunnlag av læreverket Multi for 1. -7. trinn. Her vil vi mest fokusere på oppgåvene som gjelder for 1.-4. årstrinn. Link: <www.gyldendal.no/multi>. Sidas oppbygning: Passer det til den aktuelle datamaskinen og er det lett å innstallere? Programvaren treng ingen installering og kan brukas på alle datamaskiner. Ein må ha internett-tilgang på minimum 200 kbps, anbefalt er 1000. Du må ha Internet Explorer 7 (eller nyare), eller nyaste versjon av Chrome, Safari eller Firefox. I tillegg må nettlesar ha Javascript og informasjonskapslar slått på, og installert Flash Player 10.0 eller nyare. Kor lang tid tar det å komme i gang med bruk av programmet? Det tar ikkje lang tid å komme i gang med programmet. Det einaste ein trenger å gjere er å gå inn på nettsida og finne frem til det ein skal gjere. Det finst to utgåver av programvaren, 1. utgåva må ein ha ein brukarkonto og betale for å bruke, medan 2. utgåva er gratis, og ein treng ikkje laga seg noka brukarkonto for å bruke det. Det er fyrst og fremst 2. utgåva vi har testa ut. I tillegg til oppgåver finst det smarte tavler som kan brukas som supplement til anna undervisninga i klasserommet. For å bruke smarte tavler må ein og ha ein brukarkonto, men desse sidene er gratis for lærarar når dei registrerer seg med skulen dei jobbar på. Navigasjon: Multi er eit nettsted med ei hypertekstuell organisering der det er ein eksplisitt relasjon mellom dei ulike tekstelementa. Når ein kjem inn på sida kjem det fram fem notar ein kan velje mellom. Desse er utforma som boksar der ein tekst beskriver kva ein finn inne på den enkelte nota. Desse boksane står på linje. Vi vil som sagt i denne oppgåva fokusera på oppgåvene for 1.-4. årstrinn og vil derfor ikkje gå inn på strukturen for dei andre notane på sida i denne omgang. Når ein veljar nettoppgåver for 1.-4. trinn kjem ein til ei ny side der det kjem bilete av dei ulike lærebøkene vi finn innanfor desse åra. Desse bileta er da altså dei nye notane elevane kan velja å klikke seg inn på. Dei vil da kunne kjenne igjen bilete av den boka dei nyttar i undervisninga og slik komme vidare inn på dei oppgåva dei skal arbeide med. Når dei har klikka på ei slik note kjem ein inn på ei ny side der alle temaa i den aktuelle boka er lista opp som nye noter. Elevane klikkar så på det temaet som er aktuelt for dei. Dei kjem så inn på ei ny side der ulike aktiviteter innanfor temaet er lista opp. Her er ikkje teksten der aktivitetane lista opp notane, men på sida av desse kan ein velja korleis nivå ein vil arbeide på. Tala ein, to og tre er inne i små rundingar som elevane kan klikke på for å komme til oppgåvene. Det står ikkje beskriven korleis nivå som er det vanskelegaste og lettast. Når elevane har klikka seg inn på det nivået dei skal på kjem dei inn på oppgåvene. Korleis desse oppgåvene er utforma er veldig ulikt frå oppgåva til oppgåva og det vil vi komme nærmare inn på i eit punkt seinare. Som vi ser har nettstaden multi ein struktur som ein kan kjenne igjen som vev-struktur (Tønnessen, 2010, s. 83-84). Ein kjem til ei side der ein følgjer ei kopling til ei ny side som har fleire under-koplingar. - Har det høy kvalitet i innhald og utforming? Det er laga varierte oppgåver til dei ulike emna. Det er tre ulike nivå, slik at oppgåvene tilpassas den enkelte elevs ståstad i det aktuelle emnet. Elevane kan og jobbe seg oppover i nivåa, og gjere dei etter kvarandre etterkvart som dei mestrar nivåa. Bruken av sida: Er det både underhaldande og lærerikt? Oppgåvene er varierte, og det er få oppgåver der det berre vert bedt om å regne ut og finne eit svar. Oppgåvene er utforma såleis at elevane skal tenkje kva dei gjer når dei jobbar med desse oppgåvene, og det går ikkje an å berre gjere oppgåvene på automatisering. Nokre av oppgåvene er nok veldig like dei du finner i boka, mens andre igjen med fordel kan gjeres på data, då du får eit heilt anna bilete av oppgåven på data. Korleis ein skal arbeide med oppgåvene på sida varierer. På nokre oppgåver skal ein skrive inn talet som svar, mens på andre oppgåver må elevane flytte på objekt til rett plass for å få riktig svar. Kva som krev av elevane på dei ulike oppgåva i forhold til å arbeide med samansette tekstar og navigasjon på nettsider varierer frå oppgåve til oppgåve. (meir om oppgåvene?) I forhold til tilbakemeldingane du får når du gjer feil i oppgåva gir sida deg eit tips om kva du har gjort feil. Har du for eksempel valt eit tal som er mindre enn svaret som er riktig får ein tilbakemelding på at ein har valt for få. Det kommer også frem eit surt fjes på sida som viser at du ikkje har riktig svar. Ein kan ikkje koma vidare i oppgåva før ein har gjort den enkelte oppgåva riktig. Om ein skal ut da må ein gå ut ifrå oppgåvesida ein er inne i. Elevane må altså svare riktig for å koma til neste oppgåve, men det er som oftast ikkje fleir moglegheiter enn tre slik at elevane ikkje treng å gjette meir enn tre gonger før dei finn det rette svaret. - Knytter det an til barnets øvrege aktiviteter? På Multi finn du oppgåver for 1. - 7. trinn. Det er laga oppgåver til alle dei aktuelle tema som tas opp i læreboka, såleis at ein enkelt kan bruke programmet som supplement til undervisninga ved sida av boka. Det forutsett at elevane har vore borti emna og oppgåvene som vert tatt opp, fordi det kan vere vanskeleg for nokre å skjønne kva/korleis dei skal gjere oppgåvene, då dei på ein måte går rett på sak utan noka ordentlig forklaring eller avklaring på korleis ein skal kome fram til riktig svar. Nokre elevar vil nok trenge nokre andre til å forklare gongen i oppgåvene, difor bør det verte sett av tid til forklaring før elevane går i gong med oppgåvene. Etterkvart som elevane vert vante med denne typen oppgåver kan det godt hende dei ikkje treng noka forklaring. Sidan denne sida er ei nettressurs til det matematiske læreverket multi er mange av oppgåva prega av sterk konkretisering i oppgåva på dei tidlegaste årstrinna og etterkvart vert konkretiseringa mindre. På første trinn finn vi bilete frå gjenstandar borna har eit forhald til. Her har dei eit tema som handlar om sortering. Her skal elevane sortera etter form, antal og liknande. På nivå ein j.fr nivåinndeling nemnt ovanfor skal elevane sortera lekar i esker. På ei eske er det avbilda kjøretøy av ulik form, medan ei anna har bilete av ulike ballar. Elevane skal då “rydde” rommet for leker i riktig eske. Dette kan elevane kjenne igjen frå dagleglivet og dei kan knytte den faglege kunnskapen til dette. Innanfor same området, men på nivå 3 skal elevane sortere kjøretøy etter antalet hjul. Her er det bilete av hus med hjul hengt på veggen. Elevane skal da dra kjøretøya til det huset som har rett antal hjul. Som vi ser i avsnitta ovanfor er det i oppgåvene på første trinn mykje konkretisering med bilete som elevene kan knytte opp mot aktivitetar og gjenstandar dei møter på dagleg. Ser vi på 4. årstrinn er konkretiseringa meir abstrakt. Det siste emnet i 4. klasse er statistikk og ein kan gå inn på oppgåver om temperatur. På nivå ein skal elevane lesa av temperaturar og forskjellar mellom desse. Det einaste bilete dei har er av diagrammet dei skal lesa av. Kva kan elevane lære av programmet som dei ikkje kan lære like godt eller betre ved bruk av andre læremidlar? Vi vil seie at det meste kan lærast på andre måtar og, men oppgåver på datamaskin kan vere ein veldig fin måte å avlaste læraren på, dersom det er mange elevar som treng hjelp eller tilpassing på anna vis. Bruk av data i forbindelse med stasjonsarbeid er veldig nyttig, då elevane kan jobbe sjølvstendig mens læraren held til på ein lærarstyrt stasjon. Dessutan er veldig mange elevar glade for å få bruke datamaskinen til oppgåveløysing, så berre det i seg sjølv kan vere ein motivasjonsfaktor for elevane. IKT er og ein av dei grunnleggjande ferdighetane i alle fag, og dette kan vere ein måte å trekkje IKT inn i matematikken på. Elevane lærar seg mykje om korleis ein navigerer på liknande sider og korleis slike sider er bygd opp. Dei erfaringane dei gjer seg på denne sida kan dei bruka på andre slike nettressursar. I skjermtekster som disse får også elevane mykje erfaringar innanfor multimodalitet (Tønnessen, 2010, s. 93). På denne nettsida finner ein ofte kombinasjonar mellom illustrasjonar, tekst og lyd. Elevane vil derfor få erfaringar i korleis dei skal lesa slike samansette tekstar og korleis dei ulike modalitetane påverkar kvarandre. Kjelder: Tønnessen, Elise Seip (2010): Sammensatte tekster – barns tekstpraksis. Oslo: Universitetsforlaget. |